Miljø: Strømming og klima

Sist oppdatert: 12. mai, 2020

Skrevet av Inni Mowinckel

Korleis bør vi forhalde oss til klima når alle strømmer og livestreamer? Og kva er eigentlig mest klimavenleg: Netflix eller YouTube?

Dei kjeldene vi vanlegvis brukar på klima har lite rapportering på strømming, men her er ei oppsummering av informasjon og forskning vi har funne om temaet.

Enorme mengder data

En sentral problemstilling rundt den enorme mengden av data og livestreams i koronakrisen er miljøaspektet.

Hugs derfor at det du produserer bør ha en viss kvalitet og skal kunne gjenbrukes på nett også etter livestreamen.

Greenpeace har gjort ein undersøkelse og gitt forskjellige tjenester karakter utifrå energimiksen dei brukar i datasentera sine.

Facebook. Google og Apple har forplikta seg til å bruke fornybar energi for å levere sine tjenester og får derfor karakter A. AWS som er den største leverandøren innan skytjenester har berre 50 % fornybar energi i miksen per 2019. AWS leverer til blant andre Netflix, Telenor, Schibsted og DNB.

Hvem er mest klimavennlig?

Å strømme frå YouTube er derfor meir klimavennleg enn å strømme frå Netflix ettersom Google (eigar) har ein reinare energimiks enn AWS og som vi såg over, har YouTube lågare kvalitet som gir lågare forbruk av energi.

Utslipp frå internettbruk

All internettbruk står for 2% av dei globale CO2-utsleppa. Dette er like mykje som samla flytrafikk. Videostrømming er blant dei aller mest energikrevjande bruksområda. Det er forventa at apparat kopla til internett vil femdoblast innan 2025.

Energi- og elektrisitetsbruk står for 80% av utsleppa fra sektoren. Resten av utsleppa kjem frå klimagassutslepp og miljøpåvirkning fra heile livssyklusen for datasentera, tilkoblingsnettverk, mobilnettverk, og utstyr som telefonar, PC-ar og små ruterar.

Strømming i Norge

All strømming i Norge blir gjort på norsk strøm - som er 98% fornybar. Men vi må rekne med at også utanlandske serverar må jobbe når vi strømmer. Norsk klimaavtrykk frå strømming er likevel vesentlig lågare enn dei fleste andre land.

Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE) anslår at CO2-utslepp frå norsk kraftproduksjon ligg på 16,4 gram CO2 per kilowattime.

Netflix og klima

Strømming på Netflix med HD-kvalitet er 0,645 kwh (per time) gir 10,6 gram CO2-utslepp per time med Netflix (utrekning henta frå Filter).

Ser du Netflix ein time kvar dag i eitt år tilsvarar det ca. 1100 gram svinekjøt eller 150 gram kjøttdeig av storfe.

Netflix i HD brukar omlag tre gongar så mykje energi som å strømme frå t.d. NRK, som har lågare kvalitet. Det er altså i seg sjølv ikkje eit stort klimaavtrykk ved strømming. Problemet er den enorme utbreiinga av strømminga.

Ifølgje det svenske dataselskapet Ericsson sin rapport som kom ut i februar 2020 er tala enda lågare. Strømming frå laptop brukar 0,045 kWt etter svenske forhold (som vi må anta er ganske like som dei norske). Rapporten skriv ingenting om forskjellige nivå på forskjellige strømmetjenester.

Carbonbrief.org skriv at globalt gjennomsnittsutslepp for strømming på Netflix brukar mellom 56 - 114 gram CO2 per time. Norge er her brukt som eksempel med 0,001 kg per halvtime som gir berre 2 gram CO2 utslepp per time.

Det meldast også om at datasentera blir meir energieffektive. Men bruken aukar i så stor grad at utsleppa fortsetter å auke.

Les meir hos:

Greenpeace

Ericsson

Carbonbrief.org

Filter

Les også

Musikkhjemmekontoret er en felles ressursside for musikkfeltet under koronapandemien. Nytt innhold legges til fortløpende. Si ifra om det er noe du savner!

Musikkhjemmekontoret er utviklet av Musikkontorene i Norge: Brak, STAR, ØKS, Tempo, Sørf, MØST og RYK. ⁣

Samarbeidspartnere: MIR (Musikkindustriens Næringsråd), øvrige organisasjoner og musikkbransje.

Musikkhjemmekontoret © 2020

Design og utvikling av Feed, typografi av Florian Karsten

musikkhjemmekontoret.no benytter seg av informasjonskapsler, les mer om vår bruk av cookies.